Foreininga Basecamp ungdomsdiakontiltak er eit rus- og kriminalitetsforebyggande tiltak for ungdom mellom 13-25 år på Sartor Storsenter i Øygarden kommune.

Målgruppa er ungdom som oppheld seg mykje på Sartor Storsenter og ikkje deltar i anna organisert ungdomsarbeid. Visjonen til Basecamp er: “Vi vil bidra til å realisere draumen til ungdom om eit godt liv!”

Foreininga Basecamp ungdomsdiakontiltak har tre medlemmer:

  • Sartor Storsenter
  • Øygarden kommune
  • Øygarden kyrkjelege fellesråd.

Vi er finansiert av eigarane våre, prosjektmidlar og gåver som vi mottar frå andre. Basecamp har i dag seks ansatte, og verksemda vert leda av ungdomsdiakon/dagleg leiar. Vi er kvar veke i kontakt med mange ungdomar i Øygarden kommune som treng hjelp av forskjellig art, og som har ein tøffare kvardag enn ungdomar flest.

Verdigrunnlaget til Basecamp er:

  • Nestekjærleik
  • Vørnad (verdighet)
  • Medmenneskeleg omsorg
  • Inkluderande fellesskap.

For å nå desse verdiane har dei som arbeidar ved Basecamp som mål å vere:

  • Dristig inkluderande
  • Opent inviterande
  • Aktivt nærverande
  • Frimodig utfordrande
  • Omsorgsfullt ivaretakande

Vi er stolt av det vi gjer, og veit at vi betyr ein forskjell i mange ungdomars liv.