Om oss

Basecamp RePro er eit arbeidspraksistiltak for ungdom mellom 16 og 25 år som står utanfor arbeidsmarknaden eller som manglar skule- eller læreplass.

Basecamp RePro er ein verkstad kor ein får lære det som må til for å fikse møbler og syklar. For ungdommane skal Basecamp RePro i tillegg vera ein stad for å revitalisere seg sjølv, slik at nye moglegheiter kan opne seg for å komme vidare på utdanning eller anna permanent arbeid.

På Basecamp RePro vert det skapt nytt liv i det som andre har kasta. Syklar, møbler og tekstilar er forbruksvare, vert øydelagt eller går av moten. Med litt reparering og «shining» kan ting få nytt liv og framstå som både trendy og fullt brukbart. «Råvarane» vert henta på ØyVAR og ved at folk leverer syklar, møblar og tekstilar direkte til vår verkstad.

Basecamp RePro fyller eit behov for ungdom som står utan jobb eller skuleplass, er flyktningar som står på «vent» eller unge som slit psykisk slik at skule eller ordinært arbeid ikkje er eit alternativ akkurat no. Det er mange som på ulikt vis manglar eit tilbod på dagtid, sosial eksklusjon og personlege utfordringar er ei utfordring for samfunnet. Ein konsekvens av lediggang kan vere kompenserande åtferd som rus, vald og kriminalitet. Vidare kan manglande struktur på kvardagen, endra døgnrytme og kontakt med andre som er i same livssituasjon gje negative konsekvensar på kort og lang sikt.

Ein viktig funksjon for Basecamp RePro er difor å vere førebyggjande for gruppa av unge menneske som står utanfor dei rammene som skule eller jobb gir i kvardagen.

Ta kontakt med Eli om du ønskjer å vite meir om Basecamp RePro eller søkje om plass. Kontaktinformasjon finn du her.

Redesignverkstaden

I redesignverkstaden finn du skattar du aldri har sett før. Møblar og tekstilar blir som nye. I tillegg til produkta vi sjølv lager, tilbyr vi også service- og reparasjonstenester. Kanskje har du ei bukse som må lappast, eller leggjast opp? Eller stolar som treng nytt trekk. Ta kontakt med oss, så kan vi heilt sikkert hjelpe deg.

Opningstider:

Redesignverkstaden er stengt fra 29. juni t.o.m. 11. august. Fra 12. august er opningstidene våre:

Onsdag 0900 - 1500

Torsdag 0900 - 1500

Fredag 0900 - 1500

Når redesignverkstaden er stengt er det mogleg å ta kontakt via sykkelverkstaden for å sjå og kjøpe varer i redesignverkstaden.

Sykkelverkstaden

I sykkelverkstaden kan du få hjelp til service og reparasjonar på sykkelen din. Du kan og kjøpe deg ein ny bruktsykkel og ekstrautstyr. Utvalet er stort, og fleire av syklane ligg ute på finn.no.

Opningstider:

Fra 29. juni t.o.m. 24. juli er opningstidene våre:

Måndag: 09:00-15:00
Tysdag: 09:00-15:00 Onsdag: STENGT Torsdag: 09:00-15:00
Fredag: 09:00-17:00

Fra 27. juli er opningstidene våre:

Måndag: 09:00-18:00
Tysdag: 09:00-18:00 Onsdag: 09:00-15:00 Torsdag: 09:00-17:00
Fredag: 09:00-17:00

Alternativ skuledag

På Basecamp RePro tilbyr vi og alternativ skuledag til skuleelevar, i utgangspunktet fortrinnsvis i ungdomsskulen. Her kan elevane få eit avbrekk frå den vanlege skulekvardagen, medan dei får arbeide praktisk med hendene på sykkelverkstaden eller redesignverkstaden.

Stikkord for alternativ skuledag er trivsel, mestring og tilpassa opplæring. Opplæringa vert gitt med utgangspunkt i kompetansemål henta frå forskjellige fag i den vanlige læreplanen.

Ta kontakt med Eli om du ynskjer å vite meir om Basecamp RePro eller søkje om plass.
Kontaktinformasjonen finn du her.

lukk

Kontakt oss

Tlf: 99 46 88 70
post@basecamp-sotra.no


lukk

Bestill time

Vi har ledig kapasitet. Fyll ut bestillingsskjemaet og vi svarer deg omgående.


Vi bruker cookies på våre nettsider. Her er vår personvernerklæring.

Jeg godtar