Basecamp er eit forebyggjande tiltak for ungdom mellom 13 og 25 år på Sartor Storsenter i Øygarden kommune.
Målgruppa er ungdom som oppheld seg mykje på Sartor Storsenter og ikkje deltek i organisert ungdomsarbeid.
Tenkjer du på ting som gjer at kvardagen ikkje er særleg grei? Hadde det vore greit å kunne prate med ein vaksen som står litt på sida? Vi på Basecamp diggar ungdom, og er her for deg.
Vi har ledig kapasitet. Fyll ut bestillingsskjemaet og vi svarer deg omgående.