Visjon og mål 2017-06-15T12:27:10+00:00

Visjon

Bidra til å realisere ungdoms drøymar om eit godt liv.

Hovudmål

Basecamp skal vere tett på ungdom på deira arena og bidra til å  hindre at ungdom utviklar ei åtferd som kan skape problem for dei på kort og langt sikt.

Målgruppe

Ungdom mellom 13 og 20 år som oppheld seg på Sartor Storsenter og  i Sotra Kystby.

Målsetting

Basecamp skal vere eit rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak. Det skal også vere ein stad der ungdom som opplever psykiske utfordringar kan bli møtt og teke  på alvor.

Gjennom  opne tiltak, grupperetta aktivitetar og individuell kontakt med ungdom og familiar skal Basecamp bidra til ein betre kvardag og ei betre framtid.

Bilde av ungdom