Loading...
OM OSS 2017-06-15T12:25:02+00:00

LITT OM OSS

Foreininga Basecamp ungdomsdiakonitiltak (forkorta ”Basecamp”) er eit førebyggjande tiltak for ungdom mellom 13 og 20 år på Sartor Storsenter på Sotra. Vårt primærfokus er ungdom som oppheld seg mykje på Sartor Storsenter og per i dag ikkje nyttar seg av organisert ungdomsarbeid og som er i risikosona for å starta med rus og/eller kriminalitet. Det kan også vera ungdom som på andre måtar er i ein utsett livssituasjon psykisk, fysisk og/eller emosjonelt. Gjennom inkludering og nestekjærleik ynskjer me at ungdomane skal få oppleva å bli ein del av eit fellesskap, bli sett og høyrt. Visjonen til Basecamp er: «Bidra til å realisera draumane til ungdom om eit godt liv».

Basecamp er eigd av Fjell sokneråd, Sartor Storsenter og Fjell kommune og vart etablert som prosjekt 1. februar 2004. Frå 1. januar 2007 gjekk Basecamp over til å bli eit fast tiltak.

Åpningstider:                          Tirsdag  12:30 –16:30
Onsdag  14:00—17:00
Torsdag 15:00—19:00

Her kan du møte venner, bli kjent med andre, få litt mat, spille spill, surfe på internett. eller gjøre lekser.  Det er  alltid trygge vaksne, med lang erfaring, som ein også kan prate med. Dette gjeld både ungdommene og dei vaksne.

Aktivitetsgruppe
Dette er gruppen for deg som ikkje er med på noe faste aktiviteter, men som har lyst til å være del av en gruppe og prøve forskjellige ting både inne og ute.
Tid: Ein onsdag i månaden, frå ca. kl. 17-19

Voksne å prate med
– dersom ein tenkjer på ting som gjer at kvardagen ikkje er særleg grei?
– å kunne prate med ein som står litt på siden?
– Taushetsplikt

Vi på Basecamp tek gjerne ein prat . Og dersom du treng hjelp frå andre, kan vi hjelpe deg med å koma i kontakt med rett person.

Hvor finner du oss?
Du finn oss i etasjen over Burger King, på Sartor Storsenter. Gå opp trappen ved Hot Wok eller inn til venstre ved Boots når du kjem inn hovedinngang frå sør. Gå opp trappen og følg skilt.

Ta gjerne kontakt med oss:

Innsiden av basecamp